Anne Kari Hinna
Bonden
Tv-profil Jon Almaas har kjøpt seg ein idyllisk gard frå 1100-talet, tatt med familien og flytta ut av hovudstaden til Romerike. No er han i ferd med å spela inn programmet «Jon blir bonde», som skal sendast til våren.
Nyleg var Nettavisen på besøk hos bondespira, som etter eitt år som bonde kunne skriva under det bønder over heile landet har ropt om i lang tid: Økonomien i landbruket går ikkje opp. Ifølge Almaas har det vore «sinnsykt mykje arbeid» og lite pengar å tena. Det har overraska han mest det siste året.
Almaas presenterer delar av rekneskapen sin: Han har dyrka 250 tonn korn, som han har fått 206.000 kroner for då han selde det til Felleskjøpet. Blant store postar på utgiftssida er gjødsel for 100.000 kroner, såkorn til 85.000 kroner, diesel (30.000) og reparasjon av traktor (25.000). I tillegg kjem utgifter til gjødselspreiar, såmaskin, plog, harv og arbeidskraft for tresking.
Etter eitt år som bonde sit Almaas med 150.000 kroner i minus.