Det særeigne systemet for å velje landsmøtedelegatar i Raudt kan gje våpenmotstandarane ein fordel.

Nordland er fleire enn Oslo

MOT VÅPEN: Stortingsrepresentant Geir Jørgensen frå Raudt og Nordland vil ikkje sende våpen til Ukraina. Mange i Nordland Raudt er samde med han. Håkon Mosvold Larsen, NTB

No er det opp til landsmøtet i Raudt å bestemme om partiet vil gå inn for våpenstøtte til Ukraina. I det vesle lokallaget Grane Raudt i Nordland er det ingen tvil: Dei vil at partiet skal stå på dagens linje om å ikkje sende våpen til ukrainarane.