Nidstonga

  • Kvinne dekk din kropp! Medan iranske kvinner riv av seg skautet og klyppar håret i protest mot diktaturet i heimlandet, vel amerikanske politikarar å følgja sine dødsfiendar i Teheran. Politikarane i delstatsforsamlinga i Missouri har vedteke ein ny kleskode som ber kvinner dekka akslar og armar. Mindretalet (demokratar, her i dobbel forstand) kallar vedtaket låtteleg, meiningslaust og sexistisk. Det første og det siste kan vi vera med på, men meiningslaust er det ikkje. Tvert om føyer det seg «fint» inn i abortforboda, oppheving av kvoteringslover og annan jamstillingsfremjande politikk i USA. Kvinnelege politikarar og offentleg tilsette må ifølgje det vedtaket no nytta ein jakke, til dømes blazer eller cardigan på jobb. Raud kappe og kvit hette er rett rundt neste val. «Store Satan» lever opp til namnet, men på anna vis enn iranske styremakter har meint.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Musikk

Fra politiske fadeser til personlige fortel­linger: Norsk hiphop har aldri vært mer mangfoldig. Vi har spurt to rapfors­kere hva som preger dagens rap.

Film

KI-genererte Tilly Norwood skal kjempe om filmroller

Ny norsk sangbok

For Gro Dahle er «Ompa til du dør» århundrets beste norske sang.