- Kulturboikotten av Russland er eit tviegga sverd. Den første filmen som vart råka på norske kinoar i fjor vår, var «Kaptein Volkonognov unnslipper» (2021) regissert og skrive av ekteparet Natasha Merkulova og Aleksej Tsjupov. Filmen er no likevel vist og debattert på Tromsø Internasjonale filmfestival, der det er god grunn til å sjå han på den siste visinga laurdag. Filmen er, slik omtalen presist seier, ei blanding av satirisk politisk thriller og morals fabel, og handlar om den titulære Fjodor Volkonogov (den svært talentfulle skodespelaren Jurij Borisov), som i 1938 er kaptein i NKVD i Leningrad. NKVD (Folkekommissariatet for innanrikssaker) var på denne tida Sovjetunionens tryggingsteneste og hemmelege politi. Men under Moskva-prosessane sit heller ingen her trygt. Den paranoide logikken, retorikken og utreinskingar frå topp til botn har meir enn eit uhyggeleg ekko i samtida.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Nidstonga
- Kvinne dekk din kropp! Medan iranske kvinner riv av seg skautet og klyppar håret i protest mot diktaturet i heimlandet, vel amerikanske politikarar å følgja sine dødsfiendar i Teheran. Politikarane i delstatsforsamlinga i Missouri har vedteke ein ny kleskode som ber kvinner dekka akslar og armar. Mindretalet (demokratar, her i dobbel forstand) kallar vedtaket låtteleg, meiningslaust og sexistisk. Det første og det siste kan vi vera med på, men meiningslaust er det ikkje. Tvert om føyer det seg «fint» inn i abortforboda, oppheving av kvoteringslover og annan jamstillingsfremjande politikk i USA. Kvinnelege politikarar og offentleg tilsette må ifølgje det vedtaket no nytta ein jakke, til dømes blazer eller cardigan på jobb. Raud kappe og kvit hette er rett rundt neste val. «Store Satan» lever opp til namnet, men på anna vis enn iranske styremakter har meint.