Nobels fredspris 13. okt.
Ein fredspris til kuppet i Chile i 1973 Ein pris for den amerikanske imperialismen og mot folka i Latin-Amerika. Det er innhaldet i «fredsprisen» i år, og så blidgjering av ein skuffa fredsprishungrig president.
Å gje fredsprisen til ein kuppmakar frå den gamle, rike overklassen som styrte landet då Hugo Chávez tok makta frå dei, det er som å gje ein forseinka pris til kuppmakarane i Chile i 1973 mot den valde sosialdemokratiske presidenten Allende. (Og til den amerikanske imperialismen som stod bak kuppet.)
Så skeivfordelt var økonomien i det oljerike landet då Chavez vann valet og tok makta frå den tids herskarar, at 50 prosent av folket levde under fattigdomsgrensa. Og han vann på storstila omfordeling som på få år løfta 25 prosent over fattigdomsgrensa.
Då Chavez fall frå og verdsmarknaden for olja krakka, kasta den amerikanske imperialismen og dens lakeiland seg over Venezuela med dei hardaste sanksjonar på alle nødvendige varer dei var importavhengige av, inkludert viktige medisinar. Og satsa på å provosera fram samanbrot i den omfordelande økonomien. Med dagens fredsprisvinnar i spissen for den gamle USA-lojale «opposisjonen», med alle imperialismen sine verktøy til rådigheit, inkludert mislukka kuppforsøk mot det valde styret.
Og sidan har dette revansjelystne pågått med støtte frå USA som siklar etter billeg olje og makt over Latin Amerika, som nok aldri vil gløyma lærdomen frå Chile i 1973.
Jarle Tufta