DebattNatoEdvard Mogstad (Historikar, Hangø, Finland. Leiar i Fritt Norden Norge)
Den nye finlandiseringa kom raskare enn venta. Sverige og Finland spring som lydige hundar når Nato, det vil seie USA, blæs i fløyta: Dei reserverer seg ikkje mot atomvåpen på eiga jord, dei inviterer amerikanske troppar til eige territorium, og dei utleverer kurdiske opposisjonelle til Tyrkia. Humanistiske prinsipp må vike for å bli medlem av «den store, kvite flokk».