Det har vorte vanskelegare for partileiarar å stå i jobben over lang tid, vert det no sagt av fleire i samband med at Audun Lysbakken går av etter å ha leia Sosialistisk Venstreparti i elleve år. Lysbakken vert av både venlegsinna og andre skildra som ein særmerkt god partileiar, og difor vart mange overraska då beskjeden kom tidlegare i år.