Bryggjer det seg opp til eit ­distriktsopprør i barsellitteraturen?

Ho trør tungt

BARSEL: Akrylmaleri av ukjent kunstner, «A Mother and Child in Maternity Ward» fra 1962. ILLUSTRASJON: WIKIMEDIA COMMONS

Eg har ikkje skrive noko nemneverdig på eit par år», vedgår forfattar Maria Parr i den siste utgåva av tidsskriftet Syn og Segn: «Det er ikkje fordi eg nobelt sparar samtida for mas. Det er fordi eg har drive med andre ting». Det ho har drive på med, er å gjennomgå «ein standard distriktnorsk fødsel», følgd av ei barseltid i koronaens mørke. I aviskronikkar og nyheitsinnslag har bunads- og sjukehusskjortene flimra forbi, med klår tale om tilstanden i fødsels- og barselstilbodet i landet. Mot slutten av permisjonstida slår Parr likevel frå seg å skrive noko om saka sjølv, når ho skal fylle spalta si i lokalavisa: «Alle i Vanylven har distriktnorske fødslar. Alle lurer på om dei rekk ferja. [ …] Ingenting å skrive heim om. Det får bli om noko anna».

Kommentar