Det pågår no ein debatt om skattlegging av barnetrygda etter forslag frå Rogaland Ap og Hadia Tajik. Dei skal ha ros for å tenkje nytt og tørre å løfte debattar om at det er mogleg å gjere ting annleis. Dette går òg inn i ein større debatt, om me skal basere oss på felles ordningar for alle, eller målrette ordningar spesielt mot dei som har minst.