Endringa i Klassekampen sin grafiske profil gjer avisa meir lik Morgenbladet: Ei avis for tilbakelente betraktarar, ikkje for dei engasjerte og potensielt kampvillige. Små skrifttypar, mindre bildebruk, kvite flater, minimale portrettfoto og duse pastellfargar er ideelt for eit akademisk-kunstnarleg publikum som går frå bok til bok, forestilling til forestilling og derigjennom oppøver og raffinerer sin kritiske sans.