DebattBokbransje

Prisen for å selje ei bok

Å selje bøker gjennom Norli kan fort verte ein dyr hobby. Eg gav ut ei barnebok på eige forlag i år etter å ha gitt ut fire andre på eit ordinært forlag før. Denne gongen ville eg prøve å gi ut sjølv. Sidan boka blei kjøpt inn av kulturrådet, har eg eigentleg ingenting å klage på. (Hurra for kulturfondet og biblioteka!) Eg fekk meg derimot ei stor overrasking då eg skulle ut og selje dei 300 andre bøkene eg hadde fått trykt opp. Eg kontakta Norli for å høyre om dei ville ta inn boka mi i butikkane sine. Det ville dei, men først måtte eg fylle ut eit skjema. Her stod det at dei gjerne ville ha 40 prosent rabatt på bøkene og at eg skulle betale frakt. Då sette eg meg ned med ein kalkulator og rekna. Sidan eg hadde bestemt meg for at boka skulle koste 200 kroner i utsal, og Norli skal ha 40 prosent rabatt, ville eg få 120 kroner for ei bok. Av dette skal eg betale frakt. Frakt for ei bok er 46 kroner. Kontrakten seier nemleg at butikkane skal kunne bestille ei bok om gongen, så dette kan bli dyrt. Eg trekkjer 46 kroner frå 120 i reknestykket mitt, og sit att med 74 kroner per bok. Ja, ja, det er no litt, men – det er eit men her. Eg har då betalt trykkeriet om lag 100 kroner per bok, og det må eg trekke frå først. 74 minus 100 er minus 26. Eg er altså nede på minus 26 kroner for å selje ei bok gjennom Norli. Men reknestykket mitt er ikkje ferdig med dette, for i tillegg må eg sjølvsagt trekke frå dei 20.000 kronene eg har brukt til redaktør, språkvask, korrektur og omslag. Delt på 300 bøker går eg nye 66 kroner i minus per bok. Altså har eg utgifter på 166 kroner for ei bok eg sel til Norli for 74 kroner, så totalt går eg 92 kroner i minus per bok. Og då har eg sjølvsagt ikkje rekna ei krone for arbeidet eg har hatt med å skrive boka. Det har gått med ein del arbeidstimar til dette dei siste åra.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Debatt

Helsesektoren

Snu pyramiden

Organiseringen av helsesektoren er topptung. Antallet lederstillinger har økt kraftig, samtidig som det kuttes og tynnes i helsetejenestene. Det er på høy tid å snu pyramiden slik at eventuelle kutt fra nå av foregå i systemets topp: i byråkrati, konsulentvirksomhet og administrativ ledelse. Det innsparte skal man heller investere i bedre tjenester til befolkningen gjennom styrking av helsearbeidere og sykepleiere. Helseledelsens primære ansvar er å løfte frem og legge til rette for velfungerende systemer for dem helsesektoren er til for: pasienten og personalet.

Økonomi

Svar til Nygård

Odd Erik Nygård (Klassekampen 25. august) har rett sin kritikk av min omtale av LOTTE-Konsum (Klassekampen, 12. august). Like fullt er eg framleis skeptisk. Sjølvsagt vil innføring av full meirverdiavgift på elbilar representere ein progressiv skatteauke, fordi det fram til i dag i hovudsak er folk med relativt høge inntekter som kjøper elbilar. Men notida har ei historie: I fleire år har dei rikaste nytt godt av totalt momsfritak på kjøp av dyre elbilar, og staten har tapt mange titals milliardar kroner på dette skattefritaket.

Uføretrygd

Finn jobbene, Frp!

Nylig kom Frp med et nytt forslag om å skrote uføretrygd til de under 40 fordi de ønsker å få flere ut i jobb. Jeg mener disse jobbene til de med nedsatt arbeidsevne ikke finnes. Løsningen om å fjerne uføretrygd vil potensielt bli livsfarlig for unge som prøver å stable et liv på beina uten økonomisk trygghet. Selv har jeg mottatt ulike trygdeytelser i ti år, og her er min betraktning om arbeidsliv og restarbeidsevne. Hint: ­Fattigdom er dårlig medisin. For meg virker det som at folk tenker at uføre faktisk kunne fungert i en jobb der ute som bare står tom og venter på dem. Som om det er mange muligheter for oss, men det er så behagelig å få penger fra Nav at det ikke finnes nok goder ved å ha en jobb. Da har jeg to ting jeg vil si.