Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Prisen for å selje ei bok

Å selje bøker gjennom Norli kan fort verte ein dyr hobby. Eg gav ut ei barnebok på eige forlag i år etter å ha gitt ut fire andre på eit ordinært forlag før. Denne gongen ville eg prøve å gi ut sjølv. Sidan boka blei kjøpt inn av kulturrådet, har eg eigentleg ingenting å klage på. (Hurra for kulturfondet og biblioteka!) Eg fekk meg derimot ei stor overrasking då eg skulle ut og selje dei 300 andre bøkene eg hadde fått trykt opp. Eg kontakta Norli for å høyre om dei ville ta inn boka mi i butikkane sine. Det ville dei, men først måtte eg fylle ut eit skjema. Her stod det at dei gjerne ville ha 40 prosent rabatt på bøkene og at eg skulle betale frakt. Då sette eg meg ned med ein kalkulator og rekna. Sidan eg hadde bestemt meg for at boka skulle koste 200 kroner i utsal, og Norli skal ha 40 prosent rabatt, ville eg få 120 kroner for ei bok. Av dette skal eg betale frakt. Frakt for ei bok er 46 kroner. Kontrakten seier nemleg at butikkane skal kunne bestille ei bok om gongen, så dette kan bli dyrt. Eg trekkjer 46 kroner frå 120 i reknestykket mitt, og sit att med 74 kroner per bok. Ja, ja, det er no litt, men – det er eit men her. Eg har då betalt trykkeriet om lag 100 kroner per bok, og det må eg trekke frå først. 74 minus 100 er minus 26. Eg er altså nede på minus 26 kroner for å selje ei bok gjennom Norli. Men reknestykket mitt er ikkje ferdig med dette, for i tillegg må eg sjølvsagt trekke frå dei 20.000 kronene eg har brukt til redaktør, språkvask, korrektur og omslag. Delt på 300 bøker går eg nye 66 kroner i minus per bok. Altså har eg utgifter på 166 kroner for ei bok eg sel til Norli for 74 kroner, så totalt går eg 92 kroner i minus per bok. Og då har eg sjølvsagt ikkje rekna ei krone for arbeidet eg har hatt med å skrive boka. Det har gått med ein del arbeidstimar til dette dei siste åra.