Verdas lengste vegtunnel kan bli stengt i eitt år. Då sluttar intensivsjukepleiar Astrid Brekke Heggen i jobben.

Bryt bandet mellom bygdene

Bakar: Ingolf Meisterplass driv Sareptas bakeri i Aurland. Han må leggje ned om tunnelen vert stengt. Sjølv er han pensjonist, men det vert i tillegg åtte arbeidsplassar som går tapt i bygda.

Eigentleg skulle den travle 71-åringen Ingolf Meisterplass på jakt. Ei misforståing gjorde likevel at han måtte ta vegen frå heimen i Sogndal til bakeriet i Aurland for å hente åtte kaker han skulle levere til ei minnestund i Lærdal.

Innenriks