I fjor på denne tida av året var det pinleg å vere norsk. Dei folka borte i Oslo sender juletre til London kvart år, ein tradisjon dei har halde på med kjempelenge og i fjor sende ein liten kvast av eit tre. Det var så stussleg at NRK måtte gå rundt på Trafalgar Square og spørje vaskeekte britar om kva dei syntest om det norske treet. I år har Oslo sendt eit finare tre og ordførar Marianne Borgen sa til Avisa Oslo at «juletreet har stor betydning for mange». Eg lurar faktisk på kven det er. Eg vil ha namn på dei folka.
Ikkje-vald er den norske modellen.