Melding

Livets mange val

Ei tidvis særs god, men litt ujamn framsyning som blir for stutt til å yte alle episodane rettferd.

NEDERLAGET: Ein fortvila ung forsvarsadvokat (Emil Olafsson) må innsjå at kampen mot dødsstraff ikkje nådde fram. FOTO: JOHANNES L F SUNDENEDERLAGET: Ein fortvila ung forsvarsadvokat (Emil Olafsson) må innsjå at kampen mot dødsstraff ikkje nådde fram. FOTO: JOHANNES L F SUNDE

De ti bud

Trøndelag Teater, Hovudscena

Basert på «Dekalog» av Krzysztof Kieślowski

Regi: Maren E. Bjørseth

Med: Sarah Francesca Brænne, Janne Kokkin, Emil Olafsson, Hans Petter Nilsen, Mira Dyrnes Askelund, Trond-Ove Skrødal og Fabian Heidelberg Lunde

Dagleg må menneska ta val, dei fleste trivielle, men nokre av dei heilt eksistensielle. For å rettleie oss har alle samfunn laga lover og reglar, og i vår kultur er nok dei ti boda, slik Moses skal ha fått av Gud, dei mest grunnleggjande. I 1989 laga den polske regissøren Krzysztof Kieślowski (1941 – 1996) tv-serien «Dekalog», som i ti episodar av rundt 50 minutt, tok opp moralske og etiske spørsmål med bakgrunn i kvart av dei ti boda. I ei stor bustadblokk i Warszawa møter vi ulike menneske som må ta skilsetjande val. Sjølv om episodane tok utgangspunkt i boda, var problemstillingane knytt meir til ålmenn etikk enn til tru. Det gjorde at serien blei ein stor suksess, også blant ikkje-truande.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Mer fra Klassekampen

Frankrike

Nasjonal Samling og Marine Le Pen venter på en dom som kan avgjøre alt

Bøker

Forlaget Solum Bokvennen er reddet

Medier

Etter at de avsluttet samar­beidet med kritiker Thula Kopreitan, har NRK ingen som tar poesien på alvor, mener Preben Jordal.