Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei tidvis særs god, men litt ujamn framsyning som blir for stutt til å yte alle episodane rettferd.

Livets mange val

NEDERLAGET: Ein fortvila ung forsvarsadvokat (Emil Olafsson) må innsjå at kampen mot dødsstraff ikkje nådde fram. FOTO: JOHANNES L F SUNDE

De ti bud

Trøndelag Teater, Hovudscena

Basert på «Dekalog» av Krzysztof Kieślowski

Regi: Maren E. Bjørseth

Med: Sarah Francesca Brænne, Janne Kokkin, Emil Olafsson, Hans Petter Nilsen, Mira Dyrnes Askelund, Trond-Ove Skrødal og Fabian Heidelberg Lunde

Dagleg må menneska ta val, dei fleste trivielle, men nokre av dei heilt eksistensielle. For å rettleie oss har alle samfunn laga lover og reglar, og i vår kultur er nok dei ti boda, slik Moses skal ha fått av Gud, dei mest grunnleggjande. I 1989 laga den polske regissøren Krzysztof Kieślowski (1941 – 1996) tv-serien «Dekalog», som i ti episodar av rundt 50 minutt, tok opp moralske og etiske spørsmål med bakgrunn i kvart av dei ti boda. I ei stor bustadblokk i Warszawa møter vi ulike menneske som må ta skilsetjande val. Sjølv om episodane tok utgangspunkt i boda, var problemstillingane knytt meir til ålmenn etikk enn til tru. Det gjorde at serien blei ein stor suksess, også blant ikkje-truande.