Dagboka

Vandalen

I mars 1914 gjekk røysterettsforkjempar Mary Richardson inn i Nasjonalgalleriet i London med ei kjøtøks og gjekk laus på «Venus med spegel» av Diego Velázquez. Måleriet er eit symbol på korleis samfunnet ser på kvinner og det gjekk Richardson til åtak på. Dei siste åra har folk rive ned statuar av sørstatsgeneralar og slavehandlarar og dei siste månadane har klimaaktivistar kasta suppe på kunstverk av Claude Monet, Vincent van Gogh og her heime Edvard Munch.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Dagboka

Folkeskikk

At det går heitt for seg i bergenspolitikken er vel knapt noko å melda om. Det skjer frå tid til anna. Men så ille er det politiske ordskifte blitt no, at byrådsleiar Christine Meyer (H) vil ta grep, melder Bergens Tidende. Bakgrunnen er fleire åtak frå byens politikarar mot fagfolka i kommunen, ifølge avisa. Ein skulle kanskje tru at folkeskikk var nok også for politikarar, men no skal byrådet greia ut relasjonen mellom politikk og administrasjon og vurdera å innføra eigne reglar for korleis bystyrepolitikarar skal te seg overfor byråkratane. Forslaget kom MDG-politikar Thor Haakon Bakke med i forretningsutvalet denne veka. Bystyre-veteran Torstein Dahle (R) har lite sans for at Meyer vil ta grep. Han meiner folkevalde må ha størst mogleg ytringsfridom.

Korona

I mars 2020 skreiv dåverande politisk redaktør i Dagsavisen Lars West Johnsen ein mykje delt kronikk der han skildra folk som jogga i offentlege parkar under korona, for «jævlige» og «egoister». Samstundes synte ein rapport frå Kina at av 7324 smittetilfelle så hadde berre eitt (1) av dei spreidd seg mellom folk som var utandørs. I mai 2020 konkluderte amerikanske styresmakter med at ein ikkje trengde å vere redd for smitte utandørs, og det gjorde etter kvart også andre land. Likevel haldt mange vanlege folk fram med å vere redde for smitte utandørs, og i lang tid var idrettstreningar og utepils avlyst utan rot i realitetane. Det same skjedde på ei rekkje område. Folk haldt fram med å skrubbe bordflatene fem gonger, sjølv om det allereie i mai 2020 vart rapportert om at korona ikkje overlever lenge nok til å spreie seg via overflater. Og skulane vart stengde lenge etter at store studiar frå Sør-Korea og Frankrike synte at ungar nesten ikkje spreidde viruset, og det difor ikkje var naudsynt. Det er lett å vere etterpåklok, men det må jo vere betre å vere etterpåklok enn etterpådum. Ein ting som irriterte meg veldig under korona, var at VG insisterte på å skrive corona.

Doom

I disse tider er det lett å bli deppa om man blir sittende og doomscrolle. Dette gjelder oss alle. Vi skroller fra Donald Trumps handelskrig, via usikre økonomiske tider til Musk som vil skyte 42.000 Starlink-satellitter opp i atmosfæren. Etter fem år kommer de til å brenne opp og potensielt true ozonlaget. Og så sjekker du mailen din, hvor det er regninger, og kanskje sosiale medier, hvor folk er like gale som før, og så Yr, før du tar runden på nytt. Herværende spalte har følgende råd for å motvirke den grimme følelsen denne evige runddansen gir. For det første: Les en papiravis eller bok i stedet.