9. okt.
Jobbtabbe Regjeringa kuttar i inntektsskatten og vil med det gjera det meir attraktivt å jobba. «Kutta er i tråd med arbeidslinja», sa Jonas Gahr Støre då han blei spurd ut om neste års budsjett. Han håpar ein hundrelapp mindre i skatt i månaden (som folk med 700.000 kroner i året får) vil få fleire til å jobba meir.
Det er ikkje tvil om at arbeidslinja er populær i regjeringa om dagen. Det kom forresten sterkt til uttrykk eit par dagar før statsbudsjettet blei lagt fram. Då helseminister og Ap-nestleiar Jan Christian Vestre fortalde pressa at han snart skal bli pappa, blei han sitert på følgande: «Jeg kommer ikke til å trappe ned jobben. Jeg liker å jobbe mye, og jeg har mye ugjort» (Jada, han sa mykje anna også, han skulle stilla opp i heimen og ta pappaperm, men det var dette som stod igjen i den vesle NTB-notisa).
For eigen del hadde eg ein dårleg dag på jobben tysdag, då det viktige statsbudsjettet kom.
Anne Kari Hinna