Medrivande: Dokumentarboka om Mildred Harnack er som ein velkomponert roman.

Ei amerikansk heltinne

EIGENART: Rebecca Donner har grave i motstandshistoria til slektningen Mildrer Harnack. FOTO: ELIZABETH D. HERMAN, THE NEW YORK TIMES/NTB ELIZABETH D. HERMAN

Historia om Mildred Harnack er som eit eventyr, men utan lykkeleg slutt. Ho var fattigjenta frå Wisconsin som tok doktorgrad i litteratur, gifta seg med juristen Arvid Harnack og hamna i sentrum av sosietetslivet i Berlin på 1930-talet. Seinare vart ho ein av dei mest sentrale personane i motstandsgruppa som er kjent under det namnet Gestapo gav dei under etterforskinga – Rote Kapelle, det raude orkesteret. I 1943 vart ho dømt til døden og avretta med giljotin etter personleg instruks frå Hitler.

Bokmagasinet