Vanlege

  • NTL-magasinet har ein intervjuserie med vanlege og uvanlege folk om privatøkonomien. Ein student fortel at han kuttar i måltid og har slutta å drikke kaffi. Han får 200 kroner i månaden frå ein onkel, dei skal han bruke på øl. Ein tømrar som jobbar med å lære opp fangar i fengselet, tek ekstravakter som badevakt i helgene for å spe på familiebudsjettet. Ein lydteknikar på musikkonservatoriet i Tromsø har sagt opp treningssenteret og fått ei matte å trene på i stova. Det er eit ganske kult bilete i saka. Han vonar han slepp å selje bilen som har gjeve han mykje glede i eit einsamt koronatilvære.

Dagboka