I Noreg ogmange andre land har debatten rundt endring av juridisk kjønn ført til ein oppheita og ulukkeleg uforsonleg debatt. Reelle interessemotseiingar kan oppstå når minoritetar krev rett og respekt i samfunnet, men det har aldri vore og kan umogleg bli ein god strategi å fornekta folks personlege identitet. Det er difor svært velkome at det blir laga filmar som «Into My Name», og at det finst filmskaparar som Nicolò Bassetti. Den italienske dokumentaristen vitja sist helg Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF), der filmen hans opna festivalen sitt svært sterke og omfattande sideprogram med LHBT+ film. Filmen, som enno ikkje har nokon norsk distributør, blir vist siste gong på BIFF i dag, på festivalens avslutningsdag. Bergensarar bør kjenna si gjestingstid, men vonleg blir ikkje dette siste gong fimen kan sjåast i norske kinoar.
Svært innsiktsfull dokumentar om transidentitet blir vist i Bergen i dag.