«Titina» er ein triumf for handverket og den største norske animasjonsfilmen sidan «Flåklypa Grand Prix».

Beinveges klassikar

DETALJRIKT: Umberto Nobile og Titina konstrurerer «Norge» for Roald Amundsen. Teikningane er detaljerte utan overflødig element. FOTO: NFD

Kajsa Næss’ «Titina» er ein merkestein i norsk filmhistorie og endå ein triumf for produsenten Mikrofilm. I tillegg til å vera ein sjeldan innhaldsrik og vellukka familiefilm – der alle scener talar til alle aldersgrupper – har «Titina» kvalitetar som plasserer regissør Næss og filmen i både ein kunst- og animasjonsfilm-kanon og i norsk polarfilmhistorie. Filmen fortel den for vaksne kjende historia om Roald Amundsen og Umberto Nobile, men med eit nytt blikk i dobbel forstand. For det første er det perspektivet til Nobiles foxterrier, Titina – «den første hunden til å flyga over Nordpolen», som gjev filmen eit barnevenleg perspektiv på reisa med luftskipet Norge i 1926. For det andre har manusforfattar Per Schreiner sett tilbake på den nasjonale og individuelle rivaliseringa mellom Noreg og Italia, Amundsen og Nobile med eit høveleg forsonande notidsblikk, som appellerer like godt til vår tids foreldre som til barna deira.

Kultur