Tre forslag står mot kvarandre når SV skal lande sitt nye Nato-standpunkt:

Nato-saka splittar SV

TEK KAMPEN: Leiar i Sosialistisk Ungdomsparti Synnøve Kronen Snyen vil kjempe for mindretalet i programkomiteen i SV heilt fram til landsmøtet til våren. På lang sikt må SV jobbe for å melde Noreg ut av Nato, meiner ho. Her er Snyen på Tøyen Torg i Oslo. Aleksandra Hanna Pestka

VEGVAL: Programkomiteen i SV var delt på midten i synet på Nato. Ungdomspartiet vil framleis jobbe for å melde Noreg ut av forsvarsalliansen.

I SV sin programkomite er det daudt løp om Nato-spørsmålet.

Ein gjennomgang Klassekampen har gjort av røystetala i programkomiteen, syner at halve komiteen framleis vil ha som mål at Noreg skal stå utanfor Nato.

Røystene fordelar seg slik:

  • Fem av ti vil ikkje lenger melde Noreg ut av Nato.
  • Fire av ti vil at SVs mål skal vere å erstatte Nato med ein nordisk forsvarsallianse.
  • Eit medlem vil at det framleis skal stå i programmet at «vi vil melde Noreg ut av Nato».

Dermed er komiteen delt på midten i spørsmålet om kor vidt Noreg bør stå innanfor eller utanfor Nato.

Vil ha nordisk allianse

Leiar i Sosialistisk Ungdom (SU) Synnøve Kronen Snyen er ein av dei fire bak forslaget om å ha utmelding som eit langsiktig mål.

– Eg står på at vårt mål er ein nordisk forsvarsallianse i staden for Nato, men eg erkjenner at det ikkje er realistisk på kort sikt. Eg meiner likevel at det må vere målet på lang sikt, seier ho.

Førre veke vart det klart at eit fleirtal i programkomiteen til SV ikkje lenger vil at partiet skal jobbe for å melde Noreg ut av Nato. Dei vil i staden at Noreg skal bruke sin posisjon i Nato til å jobbe for at forsvarsalliansen skal slutte å ha atomvåpen og militære basar som ein del av sin strategi.

Dette forslaget ville altså ikkje SU-leiaren stille seg bak.

– Dette er eit prinsipprogram som skal seie noko om våre langsiktig visjonar og mål, og for oss handlar dette om kva slags verd vi vil leve i i framtida. Måten Nato har operert på i Midtausten, har gjort verda mindre trygg, seier Snyen.

Kor viktig er dette spørsmålet for SU?

– Det er eit stort engasjement for dette i SU, særleg på grunn av det som har skjedd i Afghanistan. Nato har langt på veg øydelagt Afghanistan, og jenter er overlate til Taliban.

Finnmark er heilt mot

Sjølv om det berre er ein person i programkomiteen som vil at det skal stå eksplisitt at «vi vil melde Noreg ut av Nato», varslar fleire at dei kjem til å kjempe for det punktet på landsmøtet til våren.

Det er fylkesleiar i Viken SV Haitham El-Noush som har fremja forslaget i programkomiteen, men han ønskjer ikkje å uttale seg til Klassekampen.

Leiar i Nordkapp SV og tidlegare stortingspolitikar og fylkesråd i Finnmark Johnny Ingebrigtsen er krystallklar på at han kjem til å kjempe for punktet om utmelding.

– Eg er overraska over at fleirtalet vil snu, for Nato-utmelding er ein del av SV si historie, seier han og held fram:

– Nokre av mine gode kameratar har snudd, og det er eg overraska over. Dei har eit syn som eg lurer på om er litt naivt. At Nato skal vere ei redning for freden, det trur eg ikkje på.

Ingebrigtsen seier at han er heilt usamd med dei som meiner at det er naudsynt å vere medlem av Nato fordi vi no har sett at Russland er villig til å invadere eit naboland.

– Verdshistoria syner at det kan vere fornuftig å vere eit nøytralt land. Eg har høyrt mange historier frå besteforeldra mine om folk som flykta til det nøytrale landet Sverige under krigen. Moskva og Oslo har aldri prata godt saman, men her oppe har Finnmark og Murmansk alltid prata godt i lag.

Ordførar i Tolga for SV Bjørn Tollan Jordet støttar derimot fleirtalet i komiteen.

– Når Sverige og Finland går inn i Nato, er tanken om eit eige nordisk forsvarssamarbeid mindre aktuell. Det viktige no er å skape ein ny tryggingspolitikk som forsvarer norske verdiar og forhindrar spreiinga av autoritære regime.

Politikk