Disney har i dobbel forstand vekt til live gamle hekser før halloweenfeiringa 31. oktober. I 1993 gjorde Bette Midler, Sarah Jessica Parker og Kathy Najimy suksess som dei eventyrleg vondsinna og herleg tåpelege heksesøstrene Winifred, Sarah og Mary Sanderson i «Hokus pokus». I år, 29 år seinare, gjer dei ein reprise på rollene i «Hokus pokus 2». Diverre er dette ein dårlegare skrive og regissert film, som gjev dei tre karismatiske skodespelarane dårlege replikkar og lite rom til å utfalda seg.
Å vekkja døde hekser til halloween er risikabelt, også i «Hokus Pokus 2».