Tiktok-stjerneskotet Ramón Andresen poppa brått opp på Spotifys topplister i fjor. Og der har han halde bra stand. Singlane «OK jeg lover» og «17. mai» frå i vår small godt frå seg, og fyrstnemnde sette norsk strøymerekord same dagen han blei sleppt. No kjem altså «Klart det gjør vondt», debutplata sleppt under vengene til Universal.