For å respektera dei andre må ein vita kva dei er gode til.
Solveig Aareskjold, forfattar
KOMPETENT: Kvinne tørkar selskinn hos polar-inuittane. KOMPETENT: Kvinne tørkar selskinn hos polar-inuittane.
Det er igjen laga fjernsynsserie om Danmark og Grønland, denne gong i historisk perspektiv. Han opnar med syttenhundretalet, då presten Hans Egede drog av stad for å forkynna kristendomen for etterkomarane av dei norrøne innvandrarane, utan å vita at dei var utdøydde for lenge sidan. I staden var det kome eit nytt folk som var kledd i pels og dreiv seljakt med harpun frå ørsmå båtar. Det blei innleiinga på eit kolonivelde som trass i indre sjølvstyre enno ikkje er heilt avvikla, og eit samfunn som slit med etterverknaden.