Det er heilt i orden at retorikklektor Amund Børdahl ikkje liker at eg kritiserer einetalane til Georg Johannesen. Men han misforstår meg dersom han trur eg meiner at femten-tjue deltakarar på eit seminar var dårleg frammøte. Tvert om skriv eg jo at eg «venta meg ei kunnskapsformidling noko i retning av den frie energien på grunnfagsstudiet ved distriktshøgskulen i Stavanger.»