Både farmor og mormor hadde fysiske reservar som dei aldri fekk brukt.

Kropp i banken

OPPGRADERT: Me er svært mykje sterkare og sunnare enn besteforeldra våre, skriv Aareskjold.

På vegen fram til den største salen passerer eg ymse apparat av fornikla stål og svart plast, somme med belte til å springa på og andre med lodd som skal pressast ned og løftast opp. Her strever tjukke og tynne, sterke og veike side om side for å springa litt fortare og løfta litt tyngre. Eller berre for å bremsa opp for forfallet, for det moderne treningssenteret er òg for dei eldste blant oss.

Solveigs salt