EUs fjerde energimarknadspakke splittar dei raudgrøne. Slik vil SV løyse floka:

Føreslår å dele opp pakka

BRA OG DÅRLEG: Lars Haltbrekken (SV) seier det er fleire ting i energimarknadspakka som bør inn i norsk lov, men det kan ikkje gå på kostnad av nasjonal råderett. FOTO: MARTHE A. VANNEBO Marthe Amanda Vannebo

Senterpartiet vil gå ut av regjering om ho blir vedteke, MDG meiner det hastar å få ho opp i Stortinget, og Høgre tykkjer det er viktig å vedteke ho. Partia på Stortinget ser svært ulikt på EUs fjerde energimarknadspakke, men SV meiner dei har ei løysing for å få prosessen til å gå raskare.

Politikk