Mange kjem til å bli skuffa når finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) tysdag 6. oktober legg fram forslag til neste års statsbudsjett. Jonas Gahr Støre, sjefen sjølv, reiser til Praha på eit EU-møte når det viktige budsjettdokumentet blir lagt fram, så Vedum må sjølv forsvara alle kutt. For Bergen sin del heng løftet om at staten skal finansiera 70 prosent av den omstridde bybanen til Åsane i ein tynn tråd, skriv Bergens Tidende. Leiar for transportkomiteen på Stortinget Erling Sande (Sp) kan ikkje svara på kor stor del staten vil ta, men 70 prosent blir det ikkje. Også andre store samferdselsprosjekt kan fort enda opp med mindre enn dei lokalt såg føre seg.