«Å lage skulpturar er som å ha god sex. Eg tek, føler og kjenner på skulpturane mine medan eg lagar dei», har kunstnar Stig Eikaas sagt til NRK. I det siste har debatten gått i Sogn Avis etter at redaktør Arve Uglum skreiv at kladeisen av Gjest Baardsen i Sogndal sentrum måtte vekk. Ordet kladeis har han frå fotograf Oddleiv Apneseth som i 2008 skildra statuane som «desse klumpete og slett utførte kladeisane sentralt i bukonsentrasjonar som vil kalle seg byar og tettstader av verdi i Sogn og Fjordane».