DebattSakprosa

Nedlatande eg, Tusvik?

Tidlegare forlagsredaktør Sverre Tusvik har lese meldinga mi av Arve Hansens «Ukraina. Historien. Menneskene. Krigen» i Bokmagasinet 27. august og går i Klassekampen 3. september i rette med meg for å vere «unødig streng» og ha «ein relativt uvanleg nedlatande stil». Kven Tusvik synest eg er for streng og nedlatande mot, går ikkje direkte fram av replikken hans, men slik eg forstår han, er det vel så mykje Kagge forlag som forfattaren han legg inn eit forsvar for. Sjølv har han hatt stor glede av Hansens bok, og det er fint. Mitt inntrykk av boka var at ho er slapt redigert, ikkje berre skjemd av uvanleg mange slurvete språkfeil som vanleg språkvask og korrektur enkelt kunne ha retta opp, men på innhaldssida også mindre gjennomarbeidd, gjennomtenkt enn eg hadde venta meg av ei utgjeving med så mykje kompetanse i ryggen. Som det absolutt grellaste, men ikkje einaste eksempelet på det siste, hevdar forfattaren i forordet at Russland reduserer ukrainarane til «dumme, bakstreverske og naive lillerussere som ikke vet sitt eget beste». Vel, eg sjølv levde tretten år i landet og har russarar i eigen familie, og russarar – nokre av dei gifte med ukrainarar! – i nær og fjern omgangskrins, utan at eg kan hugse å ha høyrt dei, eller for den del mannen i den russiske gata, ein einaste gong omtale ukrainarar i negative vendingar. Eg vel å tru at denne meiningslause generaliseringa skuldast hastverk, for ein så kunnskapsrik mann som Arve Hansen må vite betre, kunne betre? Og er det ikkje kjerneverksemda til eit kvart seriøst forlag å hjelpe meir eller mindre uferdige manus fram til å bli om ikkje glitrande, så i alle fall velgjorde bøker?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Debatt

Litteratur

Utan eit vondt ord

Kjære Berit, Som du og dine utgivarar på forlaget Lord Jim har gitt utfyllande greie for, er mine synder tallause som havets sand, som haustens lauv. Utan eit skeivt ord til deg og dine utgivarar må eg lasta meg sjølv for at eg svara ja, då du spurde om eg ville skriva om faksdialogane. Så formasteleg å skriva meg inn i hyllinga av karikaturteikningane til Enstad, Rickhard og Torvund! Ikkje minst så forfengeleg å tru på godorda til deg og utgivarane dine om skriftstykket mitt! Så tankelaus eg kunne vera, som å dela lovtalen med eit større publikum i Klassekampen. Og så forbrytarsk av meg å illustrera hyllinga med teikningar eg har fått tilsendt. Utan eit skeivt ord til deg og dine utgivarar lovar eg aldri å gjera det igjen. Ola Enstad var berre ein papirhaug, det har eg nå bittert fått erfara. Og eg som har gleda meg over at nekrologen hans hang på veggen på verkstaden til Leonard Rickhard, og diktet Svevet gjennom steinen om kunsten hans låg på skrivebordet då Leonard døydde. For meg er det til stendig trøyst at orda mine har vore med på å prega arbeidsdagen til den store biletkunstnaren i Arendal. Eg ber det med meg som eit tent lys. Det seier eg utan eit vondt ord til deg og dine utgivarar. Som du veit, er Ola Enstad grunnen til at eg blei kjend med deg og Leonard.

Kultur

Bil­lett­kjøp som lotto?

Billettene til populære norske artister blir revet bort før man rekker å si «Toyota’n til Magdi». De raske salgene til Highasakites kirkekonserter, Karpes konserter i Oslo Spektrum og klubbturneen i 2028 reiser et dilemma: Et billettsystem som er åpent for alle, kan likevel virke ekskluderende. Ved populære billettslipp må kjøperen være tilgjengelig på et bestemt klokkeslett og kunne gjennomføre kjøpet raskt. Det kan være vanskelig for dem som er på jobb, har omsorgsoppgaver eller bruker digitale hjelpemidler. En nettside kan være universelt utformet, samtidig som tidspresset skaper en ny barriere. Norske Kulturarrangører skriver i Tilgjengelighetshåndboka at mange med funksjonsnedsettelse møter den første hindringen allerede ved billettbestillingen. Attitude is Everything har satt søkelys på det samme gjennom «Ticketing Without Barriers». I en undersøkelse fra 2018 svarte 82 prosent av over 300 respondenter at de hadde hatt problemer med å bestille tilrettelagte billetter.

Politikk

Fortell hele historien, Fiskaa

Fredag 18. september forteller Ingrid Fiskaa Klassekampens lesere om årsaken til SVs markante framgang i Groruddalen og Søndre Nordstrand ved stortingsvalget i 2025. Gjennombruddet skyldtes Palestina-saken. SVs representanter vant stemmer med et løfte om å ikke å forhandle om statsbudsjettet før oljefondets investeringer i israelske selskap var stanset. Ultimatumet ble brutt ved første anledning, etter valget. Den som forteller historien, former framtida, er overskriften på Fiskaas innlegg. Da bør man fortelle hele historien, som er at SV i 2025 demonstrerte at heller ikke politikere på venstresiden er til å stole på.