Ei unødig streng melding

Geir Pollen (f. 1953) er ein av dei gode bokmeldarane i Klassekampen. Han er også med rette kritikarrost som forfattar. Hans velskrivne, kunnskaps- og noko ordrike «Volga. En russisk reise» er på 526 sider og kom på Gyldendal i 2021. Pollen har budd i Russland 13 år, og med vedunderleg mange digresjonar – dei fleste høgst relevante – gir han oss med elvebåtreise på Volga som redigeringsgrep ei perspektivrik framstilling av Russlands fjerne og nære historie. Det er befriande at han hyppig dreg inn si russiske kone, Galina, som meir enn reisefelle i framstillinga.

Debatt