Anmeldelse

Ei pille for alt

Karikaturen i «Syk pike» er for sterk til å fungera heilt som attkjenneleg satire, men vittig er han.

Kristine Kujath Thorp i hovudrolla som Signe er avgjerande for at «Syk pike» har ein djupare klangbotn som komedie og samtidsdiagnose. FOTO: YMER MEDIA Kristine Kujath Thorp i hovudrolla som Signe er avgjerande for at «Syk pike» har ein djupare klangbotn som komedie og samtidsdiagnose. FOTO: YMER MEDIA

(Noreg, 2022)

Regi og manus: Kristoffer Borgli.

Med: Kristine Kujath Thorp, Eirik Sæther, Anders Danielsen Lie, Henrik Mestad, Andrea Bræin Hovig.

Sjanger: Svart komedie.

Lengde: 1 t. 35 min.

Vist på: Oslo Pix, måndag, på kino frå 9. september.

Neste veke er det Oslo Pix, og festivalen både opnar og sluttar med skandinaviske Cannes-snakkisar: Kristoffer Borglis «Syk pike» og Ruben Östlunds Gullpalmevinnar «Triangle of Sadness». Det er ulike filmar, men som satirar er dei også begge del av ei bølgje internasjonale film- og serieproduksjonar som tematiserer narsissistisk image-kultur og ei destruktiv drift etter privilegerte luksusliv. Både Borgli og Östlund går langt i å bruka groteske verkemiddel for å få fram tydelege bodskapar. Begge filmskaparar legg òg til rette for å la publikum le av sjølvhøgtidlege karakterar, som blir fråtekne regien på si eiga sjølviscenesetting for å bli nedverdigande reduserte til kroppar ute av kontroll.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Kulturuka

Rapport fra en by i opprør.

Bøker

Utdanning skulle være inngangs­bil­letten til øvre middel­klasse. En hel generasjon endte likevel opp i service­bran­sjen, sier bokak­tu­elle Noam Scheiber.

Ideer

For 100 år siden ga A.A. Milne og E.H Shepard liv til verdens mest kjente fiktive bjørn. Hva er det med Ole Brumm som gjør han så tidløs?