At krigsseglarane så lenge var fråverande i norsk film og faghistorie, fortel at det har vore manko på arbeidarklasserøynsler i filmbransjen og historikarlauget. For denne historia har prega mange familiar i vår sterkt verdskrigsinteresserte sjøfartsnasjon. Det var ein demning som brast då Jon Michelet byrja på romanverket om «Skogsmatrosen», og sjøfolka sine etterkomarar kom fram med forteljingar som var gøymde under støv og skam oppe på loft og i dei såraste krokane av minnet. Det førte til at fleire norske film- og serieprodusentar såg potensialet i stoffet. I går kveld kunne Gunnar Vikenes «Krigsseileren» opna 50. årsjubileet til Den norske filmfestivalen i Haugesund. Det var ei verdig feiring av jubileet og heilt rett utskipingshamn for filmen.
Fortetta drama med ein lågmælt tone, som kler krigsseglargenerasjonen.