Melding

Lunken eldsprut

Draken frå sagaene stuper furtande ned under vår tids glastak.

Rhaenyra (Milly Alcock) og Alicent (Emily Carey) er rivaliserande venninner. FOTO: HBO MAX Rhaenyra (Milly Alcock) og Alicent (Emily Carey) er rivaliserande venninner. FOTO: HBO MAX

HOUSE OF THE DRAGON

(USA, 2022)

Serieskaparar: Ryan J. Condal, basert på George R.R. Martins «Fire & Blood»

Med: Paddy Considine, Matt Smith, Olivia Cooke, Emma D’Arcy, Steve Toussaint, Eve Best, Fabien Frankel, Sonoya Mizuno, Rhys Ifans

Sjanger: Fantasy

Lengd: 10 x 60 min.

Vist på: HBO Max, premiere søndag. Nye episodar kvar veke.

Det er ei sjølvmedviten ung kvinne, den 15-årige arveprinsessa Rhaenyra Targaryen (Milly Alcock), som har forteljarrøysta i «House of the Dragon» – den påkosta oppfølgjarserien til «Game of Thrones». Men trass si byrd og sin byrgskap, og trass i at ho meistrar både drakerytteri og drakespråk, er Rhaenyra også ei kvinne som fører ordet i ei mannsverd, der ho ofte blir overhøyrt eller beden om å teia. Når Rhaenyra opnar den drygt ti timar lange (!) førstesesongen med å samanfatta korleis far hennar, Viserys I (Paddy Considine), vart vald til jerntrona framfor kusina si, Rhaenys (Eve Best), berre fordi han var mann, samtalar forteljarkvinna i første rekkje med publikum framfor TV-skjermane, som om ho var ei av oss.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Film

Kjærast

Vakker, men ujamn Fosse-film.

Film

Lave forvent­ninger

Ambisjonsrikt drama mangler det lille ekstra.

Serie

Cape Fear

Apples «Cape Fear»-serie er overraskende severdig søppel.