Ein spinkel nittenåring har rømt frå eit erkekonservativt jødisk miljø i New York og er i ferd med å skapa seg eit nytt liv i Berlin. Det er kryssklipt mot den tradisjonelle påskefeiringa, som byggjer på forteljinga om flukta frå tvangsregimet i Egypt for tre tusen år sidan. Leiaren for denne ulovlege utvandringa var Moses, han som mosebøkene i den kristne Bibelen er kalla opp etter. Den jiddiske versjonen av dette namnet er Moishe, og ironisk nok er det han heiter, den brutale bølla som prøver å fanga den unge jenta og tvinga henne tilbake i Netflix-serien «Unorthodox».