Mardalsfossen ved Eikesdalsvatnet i Møre og Romsdal er ein fleirtrinns foss med totalt fall på over 700 meter, og eit spektakulært og ynda turistmål – men også eit enormt kraftpotensial. I 1947 blei Aursjøbassenget i fjellet mellom Eikesdalen og Lesja demt opp. Ti år seinare vedtok Stortinget «takrenneprosjektet» som ville ta endå meir vatn frå Aura. Samstundes sa Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) at nå var tolegrensa nådd, og at Mardalsfossen ikkje burde byggast ut. Bygdefolket i Eikesdalen og Eresfjord trudde fossen var berga, men slik blei det ikkje. NVE søkte i 1966 om utbygging, og trass i manglande vedtak, blei det starta bygging av anleggsveg i 1969. Sommaren 1970 vedtok Stortinget å tørrleggje fossen og føre vatnet til Romsdalen.