Det er den draumen nokre ber på: at USA etablerer militærbasar i nord på grunn av vennskap med Norge.

Den farlege serviliteten

VENNSKAPET: Amerikanske basar på norsk jord er på ingen måte i nordmenns interesse, skriv Jon Hellesnes. Her frå Trident Juncture-øvinga på Byneset i Trondheim i 2018. FOTO: GORM KALLESTAD, NTB Gorm Kallestad

Etter kommunikasjon mellom Solberg-regjeringa og amerikanske institusjonar, som Rand Corporation, låg det i 2021 føre ein såkalla tilleggsavtale (eit tillegg til Nato-medlemskapet), Supplementary Defence Cooperation Agreement (SDCA). Som kjent, inneber dette at USA skal ha militærbasar på norsk territorium. (På Nato-norsk heiter desse basane «omforente områder».) Dei skal vere under amerikansk jurisdiksjon. Alt som gjeld våpentypar, utstyr og planar, vil vere hemmeleg, også for norske styresmakter.

Kronikk