DebattYtringsfridomVidar Strømme, fagdirektør i NIM og Mina Haugen, rådgjevar i NIM
Måndag 15. august overrekker Ytringsfridomskommisjonen si ferske utgreiing. Både før og under kommisjonen si arbeidsperiode har me sett mange debattar om ytringsklima, ytringskultur, hatefulle ytringar og ytringsfridomen til utsette grupper. Dette er viktige spørsmål. Debattane handlar i stor grad om dei faktiske føresetnadane for ytringsfridomen, og kva som kan hindre reell ytringsfridom.