Når vil Zelenskyj skriva namnet sitt slik eg gjer her, med latinske bokstavar? Utfallet på krigen avgjer. Maktar Ukraina å berga sjølvstende og samarbeid med Vesten, er det eit tidsspørsmål før det skjer eit bokstavskifte, at Ukraina skubbar den kyrilliske (russiske) skrifta til sides og med det svekkjer Russlands posisjon. Dette heiter global alfabet-rivalisering.
Verdas alfabet er stadig rivalar.