Streiken

  • Stian Blipp driv og bookar om flybillettar i håp om å kome seg til bryllaupet svigermora skal ha på Kreta. «Stian Blipp i SAS-trøbbel: – Superkjipt» stod det på vg.no i går. Trøbbelet er ikkje på grunn av flyteknikarstreiken, men eit europeisk bemanningsproblem. På fredag melde VG at 32 avgangar er innstilt. Ingen av dei 32 avgangane var innstilt på grunn av streiken. På torsdag var hovudsaka nokre ungdommar på Mallorca. Dei måtte vente der nokre dagar på eit gratis trestjerners hotell medan flyselskapet fann ny returreise til dei. Det var ikkje til å halde ut, sa ungdommane. Den forseinka heimreisa hadde ikkje noko med streiken å gjere.

Dagboka