Kaos: Célines gjenfunne krigsroman kastar lys over litteraturen, ikkje livet hans.

Krigen i skallen

DYREVENN: Louis-Ferdinand Céline utanfor huset sitt i Meudon, med utsikt mot Paris, truleg i 1955. FOTO: ROGER VIOLLET/GETTY IMAGES Lipnitzki

J’ai attrapé la guerre dans ma tête – «Eg fekk krigen i skallen». Denne korte, fyndige setninga lyste ut frå det første arket i ein bunke manuskript som ganske uventa kom for dagen i Frankrike i fjor. Det var eit manus av Louis-Ferdinand Céline (1894–1961), berykta for sin eksplosive litterære stil og sin energiske antisemittisme. Céline skreiv meisterverk som «Reisen til nattens ende» (1932) og «Død på kreditt» (1936), men også fire pamflettar (1936–1941) som er reine makkverk – i alle fall i innhaldet, med hatske, dehumaniserande utfall mot kommunistane i éin av dei, og jødane i dei andre. På grunn av pamflettane, og på grunn av samkvem med kollaboratørar, flykta han hals over hovud frå Paris mot slutten av den andre verdskrigen. Han kom først tilbake i 1951, etter sju år i tysk og dansk eksil.

Kommentar