Laust i fisken om forsking

I innlegget «Forskning i stramme tøyler» 21/6 diktar Ketil Skogen, Olve Krange og Audun Ruud opp ein teori om «Senterpartiets motvilje mot akademia». Grunnlaget er lause førestillingar om Sp, ikkje kva Sp og regjeringa faktisk har sagt og gjort i forskingspolitikken. For innleggsskrivarane var «regnskapsmessige teknikaliteter» eit påskot for å skifte ut styret i Noregs forskingsråd (NFR) og dermed «sette kronen på verket», som er ei «langvarig struping av kritisk forskning».

Debatt