Normalt pleier Noregs Bank å heva renta med 0,25 prosent om gangen, men tidene tilseier at det er behov for å dra hardare i, meiner sentralbanksjef Ida Wolden Bache og resten av hovudstyret i Noregs Bank, som aukar styringsrenta frå 0,75 til 1,25 prosent.