Dagboka

Meieriet

  • I dag skal styret i Tine avgjere framtida til Voss meieri. Meieriet har om lag 20 tilsette og produserer i hovudsak Norvegia-ost og Vossadravle. Det har vore truga av nedlegging fleire gongar tidlegare. Tine har 32 meieri, frå Bergen i vest til Tana i aust. Ifølgje Nationen har konsernet lag ned 100 meieri på 30 år. Tana var saman med det andre meieriet i Finnmark Alta truga med nedlegging i fjor, men styret ville halde på begge to. Det er ikkje mange aktørar som er viktigare for norsk jordbruk og norske distrikt enn Tine, som har 8711 bønder som eigarar og 5240 tilsette.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Bill

I 2001 skulle Bill Clinton komme til Trondheim. Den tidligere presidenten skulle holde foredrag for International Student Festival in Trondheim (Isfit). Det gikk dessverre ikke, men tunge krefter var i sving. Adresseavisen skrev at «møtesjef» Pål Dale fikk hjelp med å hanke inn Clinton «fra store gutter som Kjell Magne Bondevik, Knut Vollebæk og Thorbjørn Jagland». Utenriksminister Vollebæk «ringte nesten annenhver dag», sa Dale. Bondevik skrev et personlig brev og Jagland skrev faks. «Sparebank 1 Midt-Norge skulle dekke utgiftene, ordføreren tente på alle plugger, politiet var begynt å tenke på sikkerheten – byen var i beredskap» fortalte festivalsjef Marte Lerberg Kopstad til Adresseavisen.

Tapt seg

Forfattar Tomas Espedal meiner at Bergen har tapt seg, og at det no er vanskeleg å bu der. Om det siste stemmer, veit eg ikkje. Men at byen har mista noko, trur eg. Eg er i det heile sympatisk innstilt til tanken om at ting tapar seg. Det meste i verda gjer det. Det meste som skil seg ut, vil før eller sidan miste fortryllinga si og gli inn i den same forflatinga som alt anna. Eg er halvt bergensar og halvt sunnfjording.

Ungarn

Viktor Orbán er avløyst av Péter Magyar, og mange i Europa er letta over det. Rett nok har dei to konservative politikarane mykje til felles, men Magyar ser ut til å ha eit meir demokratisk sinnelag. Det hadde jo Orbán også ein gong. Lenge budde ungararane ein heilt annan stad enn i Ungarn. I år 895 kryssa magyarane dei høge fjella Karpatane, og dei greidde raskt å ta slettelandet vi i dag kallar Ungarn. I år 1000 skipa dei kongedømet Ungarn, som faktisk varte i ulike former nesten heilt til kommunistane tok over 948 år seinare. Den påtroppande statsministeren heiter altså det same som stammane som etablerte Ungarn.