Arbeidslivet er ikkje likt for alle. Varehandelen er eit eksempel på det. Me har rapport på rapport som dokumenterer korleis det er eit stort omfang av deltid i butikkane me handlar i. Dette kan vere praktisk for skuleelevar og studentar som vil kombinere utdanning med ein deltidsjobb, men fleirtalet av dei som jobbar i butikk er ikkje under utdanning.