Nadav Lapid er blant dei kunstnarane som endevender si personlege historie for å «tømma» innhaldet i manuskripta sine. Stundom blir resultatet glitrande og tankevekkjande kompleks filmkunst, slik som i «Synonymes», som vann Gullbjørnen i Berlin i 2019. Der bruker Lapid på originalt vis ei franskordbok til å uttrykka identitetskonflikten til ein israelar, som har «flykta» frå Tel Aviv til Paris etter fullført militærteneste. Slik regissøren sjølv gjorde i si tid.
Politikken renn ut i sanden når Nadiv Lapids desperate harang mot eit «rasistisk og sadistisk» Israel blir for personleg psykologiserande.