Namnet

  • Gjennom vinteren har det storma om storhallen på Skei i Jølster. Den nye hallen fekk namnet «Skeihallen», men det ville ikkje tidlegare lokalpolitikar Hallvard Viken finne seg i. Han kontakta Språkrådet, som tilrådde anten «Skeishalla» eller «Skeishallen». Politikarane hadde namneframlegga ute på høyring og sat att med fire alternativ. Dei tre nemnde og «Skei storhall». Dei likte ikkje s-en i midten, som Språkrådet føreslår. Han er der fordi «Skeihallen» rett og slett ikkje er korrekt rettskriving. Kommunestyret enda med «Skei storhall».

Dagboka