DebattIndustriGerd Kristin Høivik og Nora H. Serigstad
Me vil takka Per Emil Skjelbred for teksten «Kva skal me leva av?» frå 6. mai. Når FN har slege fast at det er både klima- og naturkrise, er det av både nasjonal og internasjonal interesse at villmarkskommunen Suldal meislar ut framtida for areala ved Sandsfjorden. Her har det kommunaleigde Wind Works Jelsa planar om å leggja det som kan bli verdas største tørrdokk for havvindmøller. For å frigi plass til vindmølleindustrien vil det som er Europas største opne steinbrot, flytta inn i eit nytt 2800 dekar stort skogsområde med rikt dyre- og fugleliv.